Ross var den fyrste kattungen me fekk i  vårt oppdrett.

Han var Aisha sin fyrstefødde og såg dagens lys 4 dager før tida 26 april 2008.

Dei fyrste 5 vekene heitte han Rachel Green, men då det vart klart at ho var ein han måtte me døype han om til Ross Geller.

Ross var spesiell frå det sekundet han kom ut. Han var prikk lik pappaen sin i utsjånad med den kvite gode pelsen og  isblå auge du kunne drukne i. Når det gjeld gemytt var han ein kombinasjon av mamma og pappa. Altså mellom anna veldig kosete, hyper, glad i mat og ikkje minst VELDIG pratesjuk.

Han var veldig glad i mat og var heile vegen den største i kullet.

Det kjekkaste han visste var å leike med sine søsken, mamma, onkel Mattis og tante Edvina.

Etter kvart som dei andre kattungane flytta vart det vel mykje leikeing med dei tre vaksne. Så han fekk til tider mykje bank, noko som ikkje såg ut til å stoppe han ;)

Han likte seg godt ute i kattegården, men foretrakk at me sat på terrassen når han var ute. Viss me gjekk inn eller ikkje var ute med han så skreik han så alle naboane høyrde det for då ville han inn til oss. Spelte inga rolle at både mamma, onkel Mattis og tante Edvina var der ute med han.

Teknisk var han alt ein kan ynskje seg av ein skogkatt: rett profil med høg panne, store og spisse øyrer med tufser og god brei base, lang og tung kropp, lang hale og ikkje minst ein utruleg god pelskvalitet som tidleg fekk masse dekkhår.

Ross gjorde det godt på dei utstillingane han fekk delta på, og han trivdes også godt på utstilling.

Til vår store fortvilelse og sorg døde Ross 13 februar 2009 berre 9 monader gamal, etter ei vekes sjukdom.

Han er sårt sakna og vil alltid ha ein spesiell plass i hjarta vårt.

Kvil i fred vår elskede isbjørn, vi er så takksame for den tida vi fekk med deg.



Stamtavle


Utstillingsresultater






Hos fotofrafen





Fotoalbum




 

R.O.S.S