Aisha kom til oss hausten 2006 etter me hadde jobba hardt med lengre tids lobbyvirksomheit med Olav og Rune ( Jatoba's). For me hadde bestemt oss for at me ville ha ei sølv jente ;)
Aisha er DIVA med stor D.
Ho veit korleis ho vil ha det og gjer klar beskjed hvis ho ikkje er nøgd. Ho og er også sjefen i flokken, men ein snill og tålmodig sjef :)
Ho er også den mest nyfikne katten som finnes (trur me), alt skal sjekkast og undersøkast.
Ho er ein stor malemaskin. Ho har nok vore årsak til at mamma har forsove seg meir enn ein gong, for om morgonen kjem ho snikande og legg seg på magen til mamma og mel som berre juling. Det kan lett ende med at mamma somnar att.
Aisha har alle kvalitetar man kan ynskje i ein norsk skogkatt.
Lang feminin kropp, god beinstamme, veldig bra sølv pels som krever lite stell, store tufsar, bra trekant og rett profil. Når ho er i kondisjon har ho også ein meget bra hale (sjekk bileta teke hjå fotograf).
Aisha trives heilt greit på utstilling. Ho har ein tendens til å kjefte litt på dommarane, men ingen har tatt noko skade av det enda.
Aisha blei parra med CH (N) Myrtekransen's Ariel i februar 2008
Aisha blei mamma for fyrste gong 26 april 2008 til 4 nydelige små nøster. Dette er vårt oppdretts fyrste kull og dei vart difor natuleg nok kalla Friends kullet. Aisha fekk 2 jenter; Monica Geller og Phoebe Buffay, og 2 gutter; Chandler Bing og Ross Geller.
Ross Geller beheld me sjølve medan dei tre andre har fått nye heimar som me er godt nøgde med.
Aisha viste seg å være ei veldig flink og kjærleg mor, alle divanykker forsvant når babyane meldte sin ankomst.
Aisha blei parra med S* Sannafjället's Kaxe i september 2009.
Aisha blei mamma for andre gong 9 november 2009 til 3 nydelige små nurk. Dette kullet er kalla opp etter musikarar som hadde hadde si storheits tid på 70 tallet. Kullet består av James Brown, Jim Morrison og Jimi Hendrix. Frå dette kullet beheld me James Brown, eller Tassen som han vert kalla til dagleg.