James Brown, eller Tassen som han vert kalla til dagleg er ein av Aisha’s søner frå 70‘talls kullet.

Dei fyrste vekene trudde me at det var ei jente, så han fekk eigentleg namnet Janis Joplin og vart booka som avlsho... Men etter ei stund vart det klart at han ikkje var ei Janis likevel, og fekk då namnet James Brown.

Heilt frå starten var det noko spesiellt med denne karen. I starten var det vanskeleg å setje fingeren på det, for han var den mest aktive av dei 7 kattungane me hadde på den tida, og den som alltid leikeslåss med dei andre, sjølv om han var minst. Men no er det ikkje vanskeleg å skjøne kvifor han fortsatt bur heime hjå oss. Denne karen er ufatteleg kosete, og har ein spesiell yndlingsplass; på fanget eller brystet til Inger. Han ligg ikkje i fanget til nokon annan, men hos Inger skal han være. Uansett kor dårleg det måtte passe...

Tassen er ein flott gutt med god beinstamme, fin trekant og rett profil. Han har fine øyre på rett plass, god pelskvalitet og ein lang flott hale.

Tassen er tiltenkt ei rolle som avlshann i oppdrettet vårt, og vil vera tilgjengeleg for utlån i begrensa grad.

 



Stamtavle


Utstillingsresultater






Fotoalbum


 

T.A.S.S.E.N