Egypt kullet

 
 

Tida flyr og dei små nurka våre veks og utveklar seg.

Dei har no byrja å tusle litt rundt ute på gulvet, og samtlege har funne ut at parkett er noko herk å bevega seg på, teppe er mykje betre.

Dei har og byrja med litt forsiktig leikeslossing, som er ganske komisk å sjå på då dei kjempar minst like mykje for å halde balansen medan dei held på.

Me kan sjå utveklinga frå dag te dag og no er det ikkje lenge før dei bumpar rundt rundt i stova.

 

3 veke