Egypt kullet

 
 

Då har det gått 2 veke allerede, og dei små veks og legg på seg.

I løpet av den siste veka, har dei alle opna augo sine, og dei byrjar å bli ømfindtlege for lys. Noko som gjer det litt vanskelegare å ta bilete av dei, sidan dei myser eller lukkar augo når blitzen kjem... Men me gjer så godt me kan.

Chaussette er framleis ei særs kjærleg og god mor. Vi har no flytta dei frå fødekassen og over i ein liten valpegard der dei har litt meir boltreplass.

Alle dei andre kattane har no helst på dei små, men den som har den mest komiske reaksjonen er Tassen. Han luktar på dei, skvett unna, og kastar opp ein hårball. Det er sikkert heilt tilfeldig, men har skjedd fleire gonger.

Alle fire byrjar å bli meir oppmerksame på omgjevnadane sine, og dei kravlar rundt i garden for å undersøkje det dei kan.

 

2 Veke