EGYPT KULLET

 
 

No er nurka blitt 1 veke gamle, og dei har alle byrja å opne auga sine. Det er rart med det, men dei byrjar allereie å forme sine eigne personlighetar. Anubis ser ut til å bli matvraket i flokken, han et og et og et. Skikkelig bollemage har han allerede fått, og nåde den som tar seg til rette på hans favorittpupp. Nefertiti kan nok verke å bli den elegante i gjengen, det er noko med måten ho bevegar seg på. Sjølv om dei alle ser klumsete ut når dei kravlar rundt i kassen, er ho på ein måte meir grasiøs enn sine søsken.

Sakkara blir nok like blond som si mor. Ho vimsar meir enn sine søsken, men når det er noko ho vil, får ho det til. Giza er den største av jentene, og den som verkeleg tar opp slåsskampen med bror sin. Ho ser ut til å bli ei stor og tøff jente.

1 VEKE