Egypt kullet

 
 

Det er vår i lufta og kattungane har verkeleg fått smaken på livet i kattegarden. Dei elskar å vera ute, og kjem springande kvar gong me tek i terassedøra. Med det véret som har vore på vestlandet i det siste har dei fått vore mykje ute, men det er jo visse utfordringar når det gjeld å ta bilde, ikkje berre er lyset ei utfordring men dei sit jo ikkje i ro i meir enn nokre få tidelar før dei sprett avgårde igjen.

Alle dei fire små har no funne sine nye heimar, og me er sikre på at dei alle kjem til å få det verkeleg godt der dei skal flytta.

12 veke