Egypt kullet
Egypt kullet
Dei små har no fått tilgang til heile huset... Det gjer det adskillig verre å ha kontroll, både for oss og mamma Chaussette. Men heldigvis har dei litt av gemyttet til mora, og lider alle av fullstendig separasjonsangst. Så hvis ein av dei plutselig skjønnar at dei er aleine i enten kjellaren, eller i 2. etasje byrjar pipekonserten :)
Dei skjønar også prinsippet med dørar, og har alle lært at terassedøra er ein veg ut. Dei har vore ute eit par gonger og sjølv om det var nytt og litt skummelt var det kjempespennande! Så kvar gong vi skal ha dei vaksne ut i kattegarden uten at dei små skal få være med, er det ei lita utfordring, dei er så kjappe desse små...
10 veke